Ambassaden fremjar samisk kultur

Den unge joikaren Marja Helena Fjellheim Mortensson, vitja ambassaden denne veka. Ho er allereie lagt merke til internasjonalt og ho har vunne Hedmark fylkes kulturpris og Sami Music Awards.

Ambassadør Rimestad, Marja Helena Fjellheim Mortensson, . 
写真: Royal Norwegian Embassy.Ambassadør Rimestad, Marja Helena Fjellheim Mortensson, . 写真: Royal Norwegian Embassy
 
Det er ei viktig oppgåve for ambassaden å fremje rettane til urfolk, og også samisk språk, musikk og kultur, seier Noregs ambassadør til Japan, Erling Rimestad.

Tidlegare i haust vann den sør-samiske skodespelaren Lene Cecilia Sparrok prisen for beste kvinnelege hovudrolle under Tokyo International Film Festival for hennar rolle i «Sameblod». Marja Mortensson tilhøyrer også det sør-samiske miljøet i Noreg.

Dette får fram det kulturelle mangfaldet i Noreg, noko eg er stolt av å kunne fremje, seier ambassadør Rimestad.

Mortensson er på turné i Japan. For meir informasjon om konsertane hennar, sjå >>


Bookmark and Share